Om oss

Voss sett frå fjellsida, med vatnet og bygda nedanfor

Hei, og velkomen til Friskus!

Det heile starta på Voss i 2017. Vi hadde eit brennande ønske om å gjere det lettare for barn, unge og vaksne å delta på aktivitetar i nærmiljøet. For kvar finn ein eigentleg fram til alt som skjer?

Vi reiste Noreg rundt i 3 år for å samle kunnskap og lytte til fleire hundre barn, unge og vaksne om korleis ein slik digital plattform burde vere – og resultatet finn du på friskus.com.

Berekraftige lokalsamfunn handlar i botn og grunn om at dei som bur der har kjekke ting å gjere, får ta del i det som skjer, bidreg med det dei kan, har vener og kjenner seg verdifulle. Vi kjempar for at lokalsamfunna våre held fram med å vere berekraftige og tufta på tillit og tryggleik.

Visjonen vår er å samle menneske

Saman med fleire norske kommunar er vi forkjemparar for at alle barn og unge skal kunne delta på ein fritidsaktivitet, mellom anna gjennom Fritidskortet. I Friskus kan du difor digitalisere tilskotsmidlar, og sørgje for at barn og unge digitalt kan betale medlemskontingentane sine utan eit «klistremerke i panna».

Med svært mange lag, organisasjonar og kommunale avdelingar registrerte på friskus.com har vi opparbeidd oss unik erfaring med å leggje til rette for sosiale møteplassar. Resultatet er eit aktivt fellesskap for brukarmedverknad – med uvurderleg verdi for innbyggjarane.

Helsing frå Sigrid

Portrett av Sigrid Petersson Nedkvitne

Sigrid Petersson Nedkvitne

Gründer og dagleg leiar

Fritidsaktivitetar er trivsel, venskap og meining, og gir positiv utvikling. Det skal vere superenkelt å finne, melde seg på og delta på alt mogleg kjekt.

Barn og unge er framtida til landet vårt – dei nye innovatørane og dei som skal ta vare på alt vi har. Vi meiner at barn og unge fortener å få sponsa medlemskontingenten sin, slik at ein kan velje medlemskap i akkurat den organisasjonen ein har lyst til. Difor finn du Fritidskortet i Friskus, som gjer det mogleg å tildele midlar direkte til barn og unge.

Sigrid er gründeren av friskus.com. Mellom anna er ho to år på rad kåra til ei av Noregs femti fremste teknologikvinner. I mars 2025 fekk ho eHelseprisen for arbeidet sitt med førebyggjande helse i Friskus. Ho er utdanna barnevernspedagog, og har sett masterutdanninga si i helse- og velferdsleiing på vent for å jobbe som dagleg leiar i Friskus. Sigrid er ein sosial entreprenør med 10 års leiarerfaring frå offentleg sektor, og har starta prosjekt for frivillige/ideelle organisasjonar.

sigrid@friskus.com

Friskus-teamet på ein terrasse med fjella bak seg

Teamet

Vi i Friskus er opptekne av at det skal vere enkelt for alle å delta på meiningsfulle aktivitetar – oppleve glede, tilhøyrsle og engasjement.

Heile Friskus-teamet jobbar målretta og dedikert for å bryte ned barrierar, slik at fleire kan delta i aktivitet og i lokalsamfunnet sitt. Vi har superflinke medarbeidarar både på Voss, i Bergen og i Oslo.

Vi er opptekne av å levere høg kvalitet og yte service utover det vanlege, i ein profesjonell organisasjon ein kan stole på.

Friskus sosialentreprenør er teknologileverandør, men leverer også prosjektstøtte og rådgivingstenester.

Vil du vite meir? Send e-post til post@friskus.com

Innovasjonspartnarar

SINTEF Raude Krossen Sogn og Fjordane Forskningsrådet Nasjonalforeningen for folkehelsen Smarte byer Norge NORCE Raude Krossen Hordaland Regionale forskningsfond Vestland mLabs Innovasjon Norge NAV Voss Sparebank Norwegian Smart Care Cluster Med hjerte for Arendal NKS Bjørkeli Husbanken Næringshagen på Voss Høgskulen på Vestlandet Utviklingssenteret Kraftfondet Aleap