For innbyggjarar
Du kan melde deg på arrangement akkurat når det passar for deg, eller bidra med ei hjelpande hand.
På friskus.com kan du:
- Få oversikt over alle aktivitetar du har lyst til å vere med på.
- Filtrere aktivitetar etter interessene dine.
- Har du lyst til å vere frivillig? Finn eit oppdrag du likar!
- Kontakte arrangørar direkte.
- Få automatiske varsel når favorittarrangørane dine har nye aktivitetar.
Tre enkle steg for å bli medlem på friskus.com
- Gå inn på friskus.com og vel kommunen din.
- Trykk på «Lag ein konto».
- Legg inn mobilnummeret ditt, stadfest koden du får på SMS, og fyll inn opplysningane dine. Så er du i gang!
Psst. Hugs å leggje friskus.com som snarveg på mobilen din!