For kommunar

Nå innbyggjarane – utan reklame, algoritmar eller sal av data

Kommunar treng trygg og algoritmefri innbyggjarkommunikasjon og bør ikkje lenger vere på plattformer utanfor deira kontroll og påverknad. Vi er ei bedrift frå Voss på Vestlandet som har løyst det og samarbeider allereie med 120 norske kommunar.

Kommune-appen til Hol kommune på ein mobil, med nyheita «Politiske møter uke 41» og menyvala Nyheter, Aktiviteter, Meld fra og Selvbetjening.

Kva får kommunikasjonsavdelinga?

  • Éin kanal som når innbyggjarane – på same stad som nabolaget og frivilligheita blir organiserte
  • Full kontroll – kommunen bestemmer kva som blir vist, ikkje ein algoritme
  • Ingen konkurranse om merksemda – ingen reklame ved sida av informasjonen frå kommunen
  • Når alle – også unge og eldre som ikkje er på Facebook
Les meir
Kvifor no?

Sidan september 2026 avgrensar Meta Facebook-sider som ikkje betaler til rundt to lenkeinnlegg i månaden. For å dele meir må kommunen abonnere på Meta One.

Problemet var der frå før: Facebook har i fleire år gitt innlegg med lenker svært låg rekkjevidd. Kommunen har publisert, men algoritmen har bestemt kven som får sjå det.

Spørsmålet er ikkje berre kva det kostar, men kven som eig kanalen mellom kommunen og innbyggjarane.

På same stad som kollegaer i andre avdelingar
  • Kvardagsinformasjon – rett i lomma. Nyheiter og informasjon frå kommunen til innbyggjar. Det de publiserer, blir vist.
  • Beredskapsmeldingar. Når det verkeleg gjeld, når de innbyggjarane i ein kanal dei allereie bruker.
  • Meld frå / innbyggjarmelding
  • Sjølvbetening
  • Kva skjer. Alle aktivitetar og arrangement i kommunen i éin felles kalender – frå kommunale tilbod til konserten, festivalen, ungdomsklubben, korpset, idretten og bygdekvinnelaget.
  • Organisering og frivilligheit. Arrangement, oppgåver og frivillige samla på éin stad, med medlemsregister, kvalitetssikring, meldingar og SMS.
  • Fritidskonto. Fordel kontingentstøtte, opplevingsbillettar og utstyr direkte til barn og unge på ein ikkje-stigmatiserande måte.
  • Betalte oppdrag
Facebook og Friskus side om side
SpørsmålFacebookFriskus
Kven bestemmer kva som blir vist?AlgoritmenKommunen
ReklameJaNei
LenkerCa. 2 i månaden utan betalingInga grense
Kostnad for lokale lagKvar side betaler for segGratis når kommunen har lisens
Bruk av dataGrunnlaget for forretningsmodellenBlir aldri selt
SelskapAmerikanskNorsk
Éin lisens – heile lokalsamfunnet

Kommunen betaler éin lisens, og alle lag og foreiningar i kommunen bruker Friskus gratis. Lisensen inkluderer:

  • Fri bruk for alle kommunale avdelingar
  • Fri bruk for alle lokale lag og frivillige organisasjonar
  • Opplæring ved oppstart
  • Marknadsføringsmateriell og kommunikasjonsstrategi
  • Teknisk support, vedlikehald og oppdateringar
  • Brukarstøtte ved behov

Hol er eit døme på ein kommune som bruker kommune-appen.

Kommunen er kunden – ikkje produktet

Vi tener ikkje pengar på merksemda eller dataa til innbyggjarane – ingen algoritmar, ingen reklame, og vi sel aldri dataa dine.

Kven er vi?

Friskus vart grunnlagd på Voss i 2017 og har kontor på Voss, i Bergen og i Oslo. Samfunnsoppdraget vårt er å gjere det enklare for barn, unge og vaksne å delta i lokalsamfunnet sitt.

I tråd med nasjonal strategi for digitalisering i offentleg sektor, «innbyggjaren i midten og fleire tenester rundt», er Friskus utvikla som eit konkret verktøy for ulike avdelingar i ein kommune. Alle får eit verktøy for jobben sin og når ut til målgruppa si, og er samstundes på same digitale plattform.

Innbyggjaren får brukarvenlegheit og effektivt tak i rett og nok informasjon for seg, ut frå interesse og behov.

Friskus-logoen i midten, omgitt av fem område: Trygg informasjon (beredskapsmelding, nyheiter, innbyggjarmelding), Ressursmobilisering (bidra som frivillig, oppgåvedeling, kvalitetssikring), Kva skjer? (kultur, fritid, kurs), Småjobbar (finn småjobbar, opprett småjobb, meldingar) og Fritidskonto (pengar, billettar, utstyr).
Book ein gjennomgang

Kva er friskus.com?

Aktivitetsoversikt

Samle og synleggjere aktivitetar og eit mangfald av moglegheiter på ein informativ og enkel måte.

Digital billett- og pengeutdeling

Dei digitale løysingane våre for utdeling av lokale midlar blir i dag brukte til utdeling i samband med fritidskortpiloten og kommunane sine eigne lokale fritids- og kulturkortløysingar.

Rekrutter og koordiner frivillige

Gjer det enkelt å be om hjelp, rekruttere frivillige, og frigjer ressursar.

Oversikt over lag og organisasjonar

Med arrangøroversikta blir det enkelt for innbyggjarar å finne kommunale avdelingar, lag og organisasjonar.

Kommuniser med deltakarar

Meldingsfunksjonen legg til rette for kommunikasjon mellom arrangørar og deltakarar. Slik blir det enkelt å starte dialog mellom innbyggjar og kommunale avdelingar, organisasjonar og lag.

Dette inngår i lisensen

  • Fri bruk for valfritt tal kommunale avdelingar.
  • Fri bruk for alle lokallag og frivillige organisasjonar i kommunen.
  • Opplæringssamlingar for å kome i gang.
  • Verktøyskrin med marknadsføringsmateriell og kommunikasjonsstrategi.
  • Teknisk support, drift, vedlikehald og oppdateringar for eit moderne og brukarvenleg verktøy.
  • Brukarstøtte etter behov og ønske.

Prosjektrådgivarane våre hjelper dykk med implementering og opplæring.

Barn som ler og leikar saman utandørs

Det skal vere enkelt for alle å delta på meiningsfulle aktivitetar – oppleve glede, tilhøyrsle og engasjement!

Visjonen til Friskus

Dette får alle

Fordelar for kommunen din
  • Tverrsektorielt samarbeid. Rekruttering, koordinering av arrangement og frivillig aktivitet blir gjort på éin stad.
  • Spar tid og pengar. Friskus forenklar arbeidskvardagen for alle som jobbar med aktivisering, aktivitetstilbod, kulturtilbod, oppfølging, integrering og inkludering.
  • Auka livskvalitet for innbyggjarar. Verktøyet kan vere med på å hindre sosial ulikskap i helse, og stoppe negativ utvikling av einsemd og utanforskap.
Fordelar for organisasjonar og lag
  • Enkel administrasjon. Oppretting av aktivitetar og oversikt over deltakarar. Faste aktivitetar kan setjast som gjentakande ut året.
  • Eige meldingssystem. Koordinator kan kontakte deltakarar, og halde jamleg kontakt med medlemmer/frivillige eller nye interesserte.
  • Kvalitetssikring. Eigne «sertifikat» for gruppemedlemmer, slik at ein kan kvalitetssikre deltakarar dersom det trengst teieplikterklæring eller politiattest for å stille på oppdrag.
Fordelar for innbyggjarar
  • Oversikt. Ein interaktiv aktivitetskalender med oversikt over alle arrangement og frivilligoppdrag i nærmiljøet – alt er samla på éin stad.
  • Gruppefellesskap. Ein kan utforske nye interesser, bruke kunnskap og erfaringar, møte nye vener, og bli trygg før ein melder seg på ein aktivitet.
  • Kjensle av tilhøyrsle. Det er enkelt å ta oppdrag og gjere ein innsats for andre – dette gir verdi både for dei som gir og dei som får.

Slik kjem du i gang

For at organisasjonane og laga i kommunen din skal kunne bruke koordinerings- og kommunikasjonsverktøyet, må kommunen kjøpe lisens. Etter dette kan eit valfritt tal kommunale avdelingar og lokallag/frivillige organisasjonar bruke Friskus.com heilt gratis.

Friskus er i dag Noregs leiande leverandør av denne teknologien, fri for reklame, og vurdert til å ha høg kvalitet og brukarvenlegheit.

Gratis e-bok: Korleis rekruttere lag og foreiningar (PDF, på bokmål)

Lyst på meir informasjon eller eit besøk av oss i Team-Friskus?

Prosjektrådgivarane våre har god erfaring og kunnskap om kommunal og frivillig organisering, og hjelper dykk gjerne med effektiv implementering og opplæring. Ta kontakt på post@friskus.com eller direkte med ein av oss i Team-Friskus.

Ta kontakt