Friskus er arbeidsmodellar og ei moderne samskapingsplattform for aktivitet og frivillighet!

Kort om Friskus-prosjektet

Prosjektet Friskus legg til rette for aktiv samfunnsdeltaking, arbeidserfaring og aktivitet for alle, og vil bety ein skilnad for helsefremjande og sjukdomsførebyggande initiativ. Løysingane sikrar også at kommunane får meir att for kvar helse- og velferdskrone til beste for alle innbyggarar.


Det vert testa arbeidsmodellar og eit heilskapleg IKT-verktøy for systematisk og integrert frivillighet, for å erverve erfaring og kunnskap.

Prosjektet Friskus tar utgangspunkt i brukarane sine opplevingar og røynsler, der både private, offentlege og frivillige krefter har detaljkunnskap om kva problem som skal løysast og korleis resultatet bør sjå ut. Alle aktørar innehar kompetanse til å kvalitetssikre arbeidet. Vi unngår «bestillar – utviklar» problematikk der vegen frå prosjekt og produksjon til implementering og ordinært bruk er lang.

Berre slik kan helseinnovasjonen ha kraft til å leva vidare og veksa. Friskus er nybrotsarbeid og samarbeid på tvers av fylker, avdelingar og siloar, organisasjonar og eldskjeler.

Friskus gjer om store ord og visjonar til forståelege verktøy og mestring.

 Societec Friskus prinsippmodell A

Spørsmål? Ring

911 75 556