Practical info Babysong

Wednesday, February 19, 2020

11:00 AM - 12:30 PM
Location: Gaupne bedehus
Address: Gaupne Bedehus, Øyagata, Gaupne, Norge
Show map
Contact person: Monica Ugulsvik
Tags
Kultur
Samvær
For barn
Familie
Sang
Familie
Betaling
Innendørs
Created by Monica Ugulsvik. Updated at 14/02/2020 10:21
Babysong

Babysong – eit nytt tilbod i Gaupne
Kyrkja i Luster startar opp med Babysong i Gaupne. Dette er eit tilbod frå kyrkja og trusopplæringa til alle mødre og fedre, i heile Luster kommune, som er heime i foreldrepermisjon. Babysong er meint å vera ei fin og triveleg songstund, med påfølgjande lunsj for deg og den vesle. Vi ynskjer at Babysongen skal vera noko fint å ta med seg vidare. Her er det plass til alle. Du treng ikkje ha ei flott songstemme for å delta, for barnet tykkjer at foreldrene har den finaste stemma. Det vert varierte songar, rim og regler, noko nytt og noko ein heilt sikkert kjenner att.
Vi samlast i Gaupne bedehus på onsdagar, klokka 11.00 – 12.30. Pris: 30 kr. pr. gang.
På babysongen vil du møte trusopplæringsleiar Monica Ugulsvik, diakon i Luster, Grethe S. Bondevik og kyrkjemusikar Helene M. Bolstad. Vi ynskjer velkommen til ei triveleg og sosial stund ilag, for både store og små!

Documents
1 file(s)
Comments
0 comments