Practical info Frisklivsresept

From Wednesday, January 1, 2020

Until Tuesday, March 31, 2020

12:00 AM - 11:59 PM
Location: Kvinnherad kommune
Address: Rosendal, Husnes
Show map
Contact person: Martha Varanes
Tags
Bevegelse
Samvær
Ein-til-ein
Voksne
Kunnskap
Gratis
Betaling
Innendørs
Utendørs
Frisklivstrening
Felleskap
Ernæring
Created by Martha Varanes . Updated at 19/12/2019 10:14
Frisklivsresept

Eit tilbod til deg som ønskjer å endra livsstilen din, og som treng støtte til å kome i gang. Ein frisklivsresept kan vere ein god start på eit sunnare liv.

For deg som kan ha nytte av oppfølging for å få til endring av levevanar. Du treng ikkje vera sjuk eller ha ein diagnose for å delta. Vanleg årsak til deltaking er overvekt, inaktivitet (at ein bevegar seg for lite i kvardagen), muskel-og skjelettlidingar, psykiske lidingar (lettare depresjon og angst), ulike typar livsstilssjukdommar eller ønskje om kosthaldsendring og/eller røykeslutt.

Frisklivsresepten inneheld: Individuelle helsesamtalar (råd, rettleiing, hjelp til å lage mål og planar samt støtte og motivasjon for endring), tilpassa trening ved behov, du kan også delta på gruppetreningar 2 ganger i veka med trening tilpassa ditt nivå. Det er treningar på Husnes, Rosendal og Hatlestrand. Du vil få informasjon om relevante lærings-og meistringskurs og om kva aktivitetar som finst rundt om i kommunen.
Resepten varer i 12 veker, med moglegheit for forlenging ved behov.

Pris: Individuell oppfølging er gratis.
Gruppetrening 2 dagar i veka kostar 400 kr for ein periode på tre månedar.

Ikkje nøl med å ta kontakt for meir info og påmelding:
Martha Teigen Varanes
Tlf: 992 02 347
e-post: martha.varanes@kvinnherad.kommune.no

Comments
0 comments